fredag 25. mai 2012

redesignkjole i retrostil

No for tida, driv eg for det meste og førebur meg for marknad. Det første markedet er i Asker 16.juni, og deretter får vi sjå om det dukkar opp fleire sjansar, som passar inn i kalendaren.

Her kjem ein smakebit av ein ny kjolemodell, i redesignstil. På markedet vert det stort sett kjolar, bukser, shorts, skjørt, og skinnlommebøker. Det er mulig at det vert nokre sumarlege vaksenkjolar, dersom tida strekk til.

Treng du kjolar/skjørt/bukser/shortsar til sumaren, er det berre å sende mail. Eg lagar på bestilling. Her kjem nokre bileter til inspirasjon. Shortsar og skjørt kjem neste veke.

Nyt dei hærlege sumardagan, og velkomen til marknad i Asker!
Etter å ha sett på bileter frå barndommen, dukka det opp ny inspirasjon til å lage ein skikkelig retrokjole, av brukte denimbukser, supplert med ein duk frå 70 talet. Modellen er ein kort Aform, med tett hals, i god 70 tals stil. Modellen går over to størrelsar (denne er 2-4år). Den er ein kort kjole, som krev supplering av thigths, mamelukkar eller lignande. 

Biletene viser detaljar frå kjolen. Bak er det glidelåsåpning, fronten har fått nokre knappar, og armane er korte. Ein skikkeleg sommarkjole. Pris kjem til å ligge på 400-450,-
For litt sidan, bestilte eg meg nokre meter med nye stoff frå Danmark. Her er eit av dei,  blått retroinspirert trykk med bilar, frå Echino. Fantastiske stoff, som kjem til å pryde utvalget på markedet i juni. Her har eg brukt stoffet til å pynte litt på ei tynn og luftig sommarbukse. Både kul og behageleg, kan det bli betre? Pris ca 250 - 300.

Denne søte sommarkjolen, blir også med på marked. Den kjem i litt ulike kombinasjonar, og kan brukast over 2-3 størrelsar. Her har eg brukt blå  hør/lin, med kvite armar, og kvite pong pongar nederst. Den har strikk i hals og armar, og kjem til å koste ca 450,-
På marknaden kjem eg også til å ha med småsaker som barneskjerf, luer, panneband, øyredobbar mm . Biletet illustrerer 2 ulike barneskjerf, eit i tynn bomull med blomar, og eit i hør/lin. Pris ca 200

onsdag 9. mai 2012

Jumbo øyredobbar

Etter at eg fikk ein stor pakke med coverknappar i posten, so har eg laga ein del av disse store øyredobbane, som er 4cm i bredda. Eg har lagt ut disse 4 i vårlige fargar, på eplabutikken. Øyredobbane er" lette å ha på, og kule å sjå på :)"


Vårlige epla nyheter

Når det vårast, får eg alltid lyst til å lage søte sommarkjolar. Det er jo ingen her i huset, som kan gå med disse, men det kan jo hende at det er nokon andre som likar dei:) 

Kjolane ligg i eplabutikken.
Smårutete bomullskjole, med raud/oransje armar med eplaprint.
399,- str 3-4år

Smårutete bomullskjole med brune og blomstrete armar.
kr 399,- Str 3-4år

Lyseblå bomullskjole med lilla armar og knyting i livet.
Eple applikasjon på ryggen.
399,- Str 3-4 år

fredag 4. mai 2012

 Som ein fortsettelse på Red, white and black frå forrige innlegg, lagar eg ei innlegg om desse megaøyredobbane, som eg har brukt ein del i det siste. 

Desse to para er laga for salg, og har 925 sterling sølvstift. Det raude paret er trekt med raudt skinn, og det svarte og kvitrutete, er trekt med bomullstoff. Diameter på øyredobbane er 4cm, og prisen vil ligge på 150-170kr alt etter materialbruk. 

Følg med i eplashoppen, eller send mail om du er intressert: elinisane@live.no 
Øyredobbane vert levert med ein passane oppbevaringsboks.

Black, red and white

På høg tid med eit blogginnlegg igjen. I dag er det svart, kvit og raud tema på innlegget.  Regnar med å legge ut det meste på epla i løpet av kort tid. 

Svart unisex minilommebok, redesign i ekte skinn med raud glidelås. Denne har eg fóra med svart og kvit rutestoff. Dene modellen har god plass til mange kort, og litt pengar/evt ein nøkkel. 

So kjem ei minilommebok i raudt skinn. Den har svart glidelås og kvitt fór med svarte krusedullar. 




Dette søte skjørtet, har hengt på ein hengar ei stund, og no er det på tide å ta fram i lyset. Kanskje det kan passe ei lita tulle til 17.mai?
Skjørtet vert lagt ut på Epla i kveld. 




torsdag 12. april 2012

"På tur i skogen" lue

Dette nyinnkjøpte stoffet, måtte berre bli til ei lue. Det rakk nesten ikkje kome inn døra, før lua låg ferdig på sybordet. kanskje det er nokon barn eller vaksne som er enige i at den vart veldig fin? Den kan kjøpast i eplabutikken for 200kr. 

Stoffet er i super kvalitet, og har god strech. vask på 40grader, og bruk med glede!

onsdag 11. april 2012

Oppdatert lagersalg


Her er nokre av produkta du kan handle. Trykk deg avgarde til lagersalgt via linken over. 
Minst halv pris på alt. 







måndag 9. april 2012

LAGERSALG

Eg har som smått satt i gang med å rydde litt i hyllene, for å få det litt romsligare i systova. Du kan handle frå og med i dag, men lista av varer er ikkje komplett før på Onsdag 11.april.

Salget varer til 30.april 2012

linken finn du HER

onsdag 4. april 2012

Smekke, bukse og lommebok

3 gjengangarar er på veg i posten til Trondheim. 

Smekke med navn i støvet blå bomull, med justerbar knapping i nakken. I tillegg til navnet, har smekka fåt eit lite apetrykk.  
Smekke med navn 130,-
Navnebuksa er sydd i mørk gråmelert bomullsisoli, og ribben er støvet blå som smekka. Tofarga navn i samme blåfarge, pluss lyseblå. 

Bukse med navn str 1 år kr 349,-

Lommeboka er svart, med varm lilla glidelåsar, grøne og oransje kontrastsaumar, strassdiamant, og blome anheng på glidelåsen. To glidelåslommar, og blomstrete fór som matchar fargane på utsida. Jakka er sydd i ekte skinn frå ei brukt skinnkåpe. 

Lommebok/etui i skinn med to lommar kr 280,-
GOD PÅSKE!

onsdag 28. mars 2012

Denim redesign kjole 2år

Det er ei stund sidan sist eg lagde denim kjole av brukte bukser. Eg føler på meg at det kan kome fleire på løpande band framover. Her er den første som har fått eit innslag frå ei dressjakke i livet. Resten av kjolen er sydd av brukte denimbukser, snudd på vranga. 

Kjolen har ei lomme, applikasjon både framme og bak, oransje og turkise detaljar. 
Ca størrelse 1,5 til 3år

Denne kjolen vert lagt ut for salg snart, og fleire slår etterkvart følgje:)
Kjolen framme

Kjolen bak

Detaljar på kjolen:
applikasjon bak og framme, lomme med turkis kroklisse i åpninga,
og knappelukning på skuldrane. 

Brune skinnlommebøker!

Endeleg fekk eg tak brunt skinn igjen. Her er det nok ei skinnjakke som har blitt myrda.  Disse vert lagt ut i nettbutikken min i løpet av dagen. 5 ulike lommebøker, der 3 av dei har fått merke at påska nærmar seg. 

Fleire bileter vert lagt ut på epla i forbindelse med kvart enkelt produkt. 

overst til venstre: Minilommebok med avtagbar snor til handleddet. Til kort og litt pengar.
Gul glidelås, retrofór og strasspynt.
venstre midt: Raud minilommebok, ein lomme, til pengar/øyredobbar osv.
Raudt fór med hjarter og hjarte applikasjon på skinnsida.
Midt nede: Minilommebok unisex, til kort og litt pengar.
Cobolt glidelås og fór av tegneseriestoff.
Nede til høgre: Lommebok med rektangelform, til kort, pengar og telefon. 3 gule glidelåsar.
 Snor til handledd. Fór av retrostoff med kløver.
Stort bilete: Lommebok med avrunda hjørner, til kort, pengar og telefon. 3 gule
glidelåsar. Fór av grønt stoff med hjarter, avtagbar snor til handleddet. 

Denim veske

Her kjem nokre bileter frå ei veske som vart laga på bestilling. 

Kundens ynskjer var som følger:
- romslig veske med skuderreim
- glidelåslukning
- Lommar inni: 1 stor med glidelås, og 3 små lommer, og 1 kaffikopp lomme. 
- Nøkkelsnor
- Prikkete denimstoff
- Lilla blomsterdetaljer/applikasjoner

OK..då var det berre å gå til tegnebordet. Veskemønsteret vart konstruert med linjal og gråpapir.
 Stoffet...eg hadde for lite prikkete denimstoff til å lage heile veska i eit stoff, og måtte bruke restar av eit anna denimstoff til sidene og til skulderreima. Lillastoffet er eit retrostroff, som tidlegare har vore eit dynetrekk, og restane eg hadde rakk akkurat til veska.  Stoffa matcha kvarander godt, og ei lukkeleg sydame kunne seie seg nøgd både med veskemodell og fargesamansetning. 

Bilde1. Nærbilete av glidelåsen, sydd på heilt til slutt.
Heldig som eg var, fant eg ein aubergine glidelås i hylla mi, som matcha resten av veska. 

Bilete 2. Nesten heilfigur bilete.
Skulderreima har ekstra padding for  bedre comfor ved tung veske. 

Bilete 3. Nærbilete av glidelåslommen som er perfekt til lommebok og telefon.
Keep the burglars away!
 Kaffikopp lommen held kaffikoppen/drikkeflaska oppreist. 

Bilete 4. Biletene syner korleis eg lagde den avtagbare nøkkelsnora,
som kan festast med knappar inni veska.

fredag 16. mars 2012

Barnetøfler i ull og skinn

No er det ei stund sidan siste par ut av tøfler. Ein kunde av meg har prøvd ut eit par barnetøfler, og har hausta god erfaring. Her kjem eit nytt par barnetøfler, som er sydd av ullfilt, semska skinnsålar, og ribb. Sålen er fóra med ullfilt (ikkje muleg å sjå på biletet)

Likar du tøflene, kan eg lage på bestilling. Pris ml 250,- og 280,- opp til str 29.
Ei redesign skinnlommebok fekk også sjå dagens lys i dag, etter at eg kjøpte dette turkise stjernefóret på stoff og stil i går. Skinnet er frå ei brukt skinnjakke, men fór og glidelåsar er nye. Denne vert lagt ut på nettbutikken.
Ha ein fiin dag!

torsdag 15. mars 2012

Navnebukse i jentefargar

To mjuke og goe kosebukser i jentefargar, er klare for levering. Det er ikkje så lett å få fram riktig farge på skjermen, sjølv om bileta vert tekne i dagslys, so her er ei utfyllande forklaring til fargane:

Den første buksa er cerice chenille, med lys rosa ribb/skrift.
Den andre buksa er lavendel chenille, med aubergine ribb.
Bukser kan bestillast på mail: elinisane@live.no
..og vert også å finne i nettbutikken snart.



onsdag 14. mars 2012

Luer og panneband til våren

No kjem vårsola!

I dag har gradestokken vist gode tendensar, og dei tjukke luene og vottane kan få permisjon for ei stund. Litt kjedelig at systua er i kjellaren, slik at eg ikkje får nyte været. Får håpe at eg gledar nokre kundar, som har bestilt panneband og tynne luer til våren.

Her kjem nokre bileter:
På biletet under, kan du sjå 3 ulike figurar som kan trykkast på, i tillegg til navnet. Ein liten figur som kikar ut av saumen, gjev lua/pannebandet eit artigare uttrykk.

tysdag 13. mars 2012

Fargekart ISOLI og ribb


FARGEKART
For at det skal bli litt lettare å vite kva fargar eg har tilgjengeleg for heildresasr, luer og bomullsbukser, legg eg ut fargekart for ISOLI og ribb.


Dei første fargane gjeld for bomulls-ISOLI, som først og frems vert brukt til bukser og heildressar.

Fargar frå øverst mot høgre:
Svart, mørkeblå, cobolt
Turkis, lyseblå, gråmelert
Lilla, Cerice, Lys rosa
Dette fargekartet fjeld for ribb, som vert brukt til ribbavslutningar på bukser og heildressar, og til luer og panneband.

Fargekart ribb frå øverst mot høgre:
Cerice, lys rosa, sterk rosa, lilla, lavendel, aubergine
Cobolt, turkis, lys blå, lys gråmelert, mørk gråmelert, grøn
lime, gul, sart rosa, raud, kvit, svart
Fargekart for ribb, huer, panneband kjem her:

tysdag 6. mars 2012

Etui og Lommebøker - gjenbruuuuk!

Det går litt treigt med blogginga i blant. Endelig fekk eg dratt fram kameraet, og her er nokre bileter av gjenbruks etui og lommebøker.

Først eit etui/lommebok, sydd av grønt skinn. Denne har oransje kontrastsaumar, strasspynt, og vristreim. Str 10x15cm.
Denne ligg til salgs på nettbutikken


Dette er ein clutch som er sydd av ei dressjakke, og fóra med raudt stoff med kvite prikkar. Utvendig har den ei original lomme, som har fått ein trykknapp. Her er det plass til feks bankkort. Clutchen er 13x21cm, og har ein ekstra glidelåslomme på innsida.
Denne ligg ikkje på epla enno, men er du intr, så er den til salgs for 300,- ink mva.



Her er ein fin 3 lommers lommebok, som er sydd av svart skinn, og pynta med strass, og grøne kontrastsaumar. Glidelåsen er varm lilla. Lommeboka er fóra med grøn silke. Denne ligg til salgs på nettbutikken
Så eit svart etui, som kan brukast som lommebok, eller feks som telefonveske.
Str 10x15cm
Denne ligg også til salgs på nettbutikken , saman med nokre andre nye etui.